
Kvart år feirar Solent University avgangsstudentane sine ved å halde ei veke med utstilling der dei stiller ut prosjekta me har arbeidd på i året som har passert. Utstillinga er ei kulminasjon av det me har tilegna oss av teknikkar og prosessar, og korleis kvar enkelt student har utvikla seg og vokse gjennom studiet.
I mitt tilfelle hadde eg eit ynskje gjennom studiet om å utvide horisonten min og prøve nye teknikkar.
Dette prosjektet gav meg ei innsikt i korleis eg har lært meg å angripe problemstillingar frå eit nytt standpunkt.
Plakatens design nyttar seg av fotografi og digitale element, som er med på å blande noko nytt saman med noko eg allereie følte meg trygg på.
Plakatens design nyttar seg av fotografi og digitale element, som er med på å blande noko nytt saman med noko eg allereie følte meg trygg på.


